EU og Island har i dag formelt starta samtaler om EU-medlemskap for
øystaten. Det belgiske formannskapet overleverte EUs
forhandlingsrammeverk, som inneheld dei prinsipp, innhald og prosedyrer
som skal styre forhandlingane med Island. Første steg i prosessen er ein
grundig gjennomgang av lovverket som Island må innføre for å bli
EU-medlem, EUs såkalte acquis. Denne gjennomgangen er anslått å
vare fram til midten av 2011, då dei enkelte kapittel i forhandlingane
kan bli opna.
Les meir...
Utanriksministrane i EU har vedtatt nye økonomiske sanksjonar mot
Iran for å ramme landets atomprogram. Avgjerda frå Rådet inneber eit
omfattande sett med tiltak innanfor område som handel, finansielle
tenester, energi og transport, i tillegg til ytterlegare
visumrestriksjonar og frysing av kapital. Rådet understrekar igjen at
ein ønsker å komme til ei diplomatisk løysing på spørsmålet.
Les meir (pdf)...
Rådet har i dag gitt si tilslutning til etableringa av den nye European
External Action Service (EEAS). Etablering av ei felles europeisk
utanriksteneste er ei av dei viktigaste nyvinningane i Lisboa-traktaten.
- Vi kan no gå i gang med å bygge ei moderne, effektiv og utprega
europeisk utanriksteneste for det 21. århundre. Grunnen er enkel:
Europa treng treng å forsvare våre interesser og verdiar betre i ei
kompleks verd med grunnleggande maktforskyvningar, sa EUs
høgrepresentant for utanrikssaker, Catherine Ashton.
Les meir... (pdf)
EU-ambassadør János Herman intervjues i dagens utgave av Aftenposten.
Der kommer det frem at EU forventer at Norge øker produksjon og bruk av
fornybar energi på linje med medlemsland. Men Norge, med en andel på 60
prosent allerede, vil ikke love å innfri kravene som stilles til
EU-landene.
Les mer i
Aftenposten...
EU-ambassadør Janos Herman sier til Aftenposten at Norge kan se bort
fra vedtaket om å inkludere nettsøk i datalagringsdirektivet.
Les mer hos Aftenposten...